Vel gjennomført samling i pointfighting

POINTFIGHTING: 28-30 mars blei det gjennomført open landslagssamling i pointfighting i Oslo.
Publisert: mandag 31. mars 2014

Engasjerte utøvarar frå Stavern folkehøgskole, Porsgrunn kbk, Drammen kbk, Verdal kbk, Pointfighter kbk, Fighter kbk og Sentrum kampsportsenter deltok i tillegg til landslaget. Totalt var om lag 35 utøvarar med på samlinga.

Samlinga starta på fredag kveld på Bjølsenhallen, kor landslagstrener Gianpaolo Calajo gjennomførte en teknisk økt, med støtte fra sine to italienske utøvere Domenico Mandalari og Elena Pantaleo.

Laurdag var det duka for to treningsøkter med Gianpaolo på Norges Idrettshøgskole. Desse øktene hadde fokus på teknikk og taktikk og byggja vidare på fredagens. økt. Landslagsutøvarane Ida Abrahamsen, Erik Brødreskift og Johan Hjelmervik deltok som medinstruktørar på fyrste økta, medan Sofia Reka Minda-Børdal, Monica Engeset og Tirill Nanett Bjørnestad Næss støtta Gianpaolo på ettermiddagsøkta. Dette gav deltakarane moglegheit til å lære nyttige tips direkte frå landslagsutøvarane, og fleire av deltakarane viste tydeleg framgang i løpet av denne dagen.  

På laurdag kveld samla fleire av utøvarane seg på Olympiatoppen for ein sosial samvær og felles middag. Dette var eit veldig hyggeleg tiltak som blei kombinert med Earth Hour markering.

Så sundag var det klart for sparring og tag team for både landslagsutøvarane og klubbutøvarane i fellesskap. Etter oppvarming og øvingar for trening av reaksjonsevna, var det lagt opp til sparring med fyrstemann til tre poeng. Her fekk alle prøve seg mot andre utøvarar på ulike nivå. Avslutningsvis gjennomførte man tag team, der utøvarane danna lag på tvers av klubbane. Under både sparringa og tag team var det mange gode prestasjonar som lover godt for pointfighting i Noreg.

Dette blei ei samling der alle fekk prøve ut nye teknikkar og opparbeide nye erfaringar. Mange utøvarar fekk matcha seg mot nye utøvarar på høgare nivå og prøvd seg i sparring mot landslagsutøvarane. Stemninga var god gjennom heile samlinga med masse positivt engasjement, og for utøvarane som skal til NM neste helg har dette vore ein god oppkøyring.