Invitasjon til åpen landslagssamling Pointfighting

Landslaget i pointfighting inviterer til open landslagssamling i Oslo 29-31 august.
Publisert: onsdag 20. august 2014

Dette er ei anledning for utøvarar frå klubbar rundt om i Noreg til å lære av landslaget og utvikle si forståing og sine teknikkar innan pointfighting.

Samlinga er open for alle som trener eller konkurrere innan pointfighting frå 15 år og oppover (vidaregåande skule).
Avhengig av påmelding og detaljplanen for samlinga vil nokon økter skje saman med landslagsutøvarane medan andre økter kan skje som separate treningar. Alle treningsøktene vil bli leia av landslagstrenar Gianpaolo Calao og landslagssjef Gjermund Nesland.

Treningsøkter:

  • Fredag 29. august, kl. 19:30-21:00 – Bjølsenhallen, Moldegata 7 (lokala til Fighter kickboxingklubb)
  • Laurdag 30. august, kl. 09:00-11:00 – Bjølsenhallen, Moldegata 7 (lokala til Fighter kickboxingklubb)
  • Laurdag 30. august, kl. 16:00-18:00 – Norges Idrettshøgskole, Sognsveien 220 – sal 2B 
  • Sundag 31. august, kl. 12:00-14:00– Norges Idrettshøgskole, Sognsveien 220 – sal 2B

Treningssamlinga er gratis for alle, men utøvarar og trenarar må sjølv ordne overnatting, transport og måltider.

Påmelding

Påmelding til samling skjer på e-post til Gjermund Nesland på team.norway@kickboxing.no (gjerne klubbvis). Landslagsleiinga har også ei forventning og sterkt ynskje om at klubbtrenarane til utøvarar som kjem på samlinga også sjølv deltar for å utvikle sin kompetanse og forståing for idretten. Pointfighting er ein stilart i kontinuerleg utvikling og endring, og kompetanse som var relevant for 2-3 år sidan kan vere utdatert i dag. For at norske klubbtrenarar også skal fylgje med i utviklinga og kunne støtte sine ambisiøse utøvarar oppmodar me difor trenarane å ta med seg kamera eller notisblokk og bli med på samlinga saman med utøvarane sine.