VM Dag 3

Sterk Sølvmedalje til Eirin Dale
Publisert: lørdag 26. november 2011
Kampdag 3 – finale semikontakt

Eirin Dale er klar for sin tredje VM-finale på rad, og møter her Luis Gullotti frå Italia. Eirin er regjerande verdsmeister medan Gullotti er regjerande europameister og SportAccord Combat Games meister (kampsportenes OL). Gullotti er også utøvaren Eirin møtte i VM-finalen for to år sidan. Det er difor to svært dyktige utøvarar som møtast i finalen. Gullotti tek fyrste poenget men Eirin svarer med å ta dei to neste. Eirin jobbar veldig bra både offensivt og defensivt og scorar fleire nydelege poeng i angrep, men blir straffa av Gullotti viss avstand og timing ikkje er 110 %. Eirin er den mest offensive og den som har mest press på motstandaren, men Gullotti klarar å forsvare seg godt og hentar også poeng i angrep når nødvendig. Gjennom heile kampen fylgjer utøvarane kvarandre poeng for poeng. Når det står att 5 sekund ligg Gullotti over med eitt enkelt poeng. Eirin er difor nøydd til å satse i siste sekund. Ho når ikkje inn med angrepet før den defensive teknikken frå Gullotti treff, og Gullotti blir difor tildelt det siste poenget. Det blir difor eit knepent tap med to poeng i ein utruleg jamn kamp som ikkje blei avgjort før i siste sekund. Ein svært bra finale av Eirin som skal vere stolt av innsatsen sin i VM som blir krona med ein veldig respektabel sylvmedalje. Gratulerer Eirin!