VM - Dag 1

Resultat kampdag 1 VM kickboxing 2011 Dublin
Publisert: torsdag 24. november 2011
Resultat kampdag 1 VM kickboxing 2011 Dublin

Fyrst ut av dei norske er Ida Abrahamsen i -60 kg point fighting som møter Nadia Essack frå Sør-Afrika. Ida går roleg ut og Sør-afrikaneren heng med i det fyrste minuttet. Men utover i kampen tek Ida meir tak og nivåskilnaden blir tydeleg. Ida får etter kvart full kontroll utover i kampen og vinn til slutt med 10 poeng og sifra 17-7. Siger til Noreg.

Eirin Dale møter Nadia Gabilan frå Brasil i fyrste kamp. Eirin er regjerande verdsmeister i –55 kg og viser frå fyrste stund kven som er sjefen. Gabilan har ingenting å stille opp med mot Eirin og i andre runde blir kampen stoppa med ti-poengs overvekt og sifra 10-0.

Ina Grindheim i -65 kg møter rutinerte Carlotta Pra frå Italia. Pra har vore internasjonal utøvar i mange år og kan vere ein vanskeleg motstandar. Dette er likevel ei oppgåve og ein utøvar Ina mestrer på ein svært god måte. Fyrste runde er jamn men Ina øydelegg rytmen til motstandaren med fremste foten sin og hentar fleire poeng på motstandaren med gode kombinasjonar og overgangar. Ina vinn til slutt 16-10 over ein frustrert italiener som ikkje må gje tapt mot ein betre motstandar.

Hallgeir Lien møter Bruno Vicente frå Portugal i fyrste kamp i fullkontakt -71 kg. Hallgeir er southpaw (venstrehendt), men møter også ein annan southpaw, noko som er uvant og som gjer Hallgeir noko passiv i starten. Kampen er jamn i alle rundar og det blir ein slitekamp som Hallgeir klarer å dra i sitt favør mot slutten. Siger 3-0 til Hallgeir.

Monica Engeset møter Ebru Ozmen frå Tyrkia i fyrste omgang. Monica gjer ein kjempegod kamp, men får diverre ikkje så godt betalt for angrepa sine og blir heile tida liggjande litt under tyrkaren på poeng. Monica taper difor knepent kampen 9-8.

Erik Brødreskift får ein tøff trekning med kamp mot Dimitrov frå Bulgaria i -84 kg. Dimitrov er ein av favorittane i klassa og i svært god form. Erik går respektlaust ut og gjer ein god kamp men må til slutt gje tapt på dommarsifrene 18-8.

Morten Spissøy er vår mest rutinerte point fighter og i den internasjonale eliten på herresida. Han møter Triantafyllos Efstathiou frå Hellas i sin fyrste kamp i -74 kg. Grekaren har gode beinteknikkar men Morten flytter seg godt og blir aldri trua av foten. Morten tek etter kvart full kontroll på kampen og vinn til slutt med 10 poeng.

Karl Martin Richardsen møter Patrick Grabner frå Austerrike i fullkontakt -81 kg. Karl Martin har virka veldig sterk i oppkøyringa til VM og viser allereie frå starten av at det stemmer. Karl Martin får raskt god kontroll på kampen og treff blant anna med fleire harde slag til kroppen. I andre runde får Karl Martin inn eit hardt kroppslag etterfylgt av ein klar treff til hovudet, så austerrikaren går i bakken. Han kjem seg opp før dommaren tel han ut, men trenarane har sett kor farleg Karl Martin er og kaster inn handkleet før kampen får starta att. Dette ender difor med siger til Noreg og Karl Martin før full tid.

Andreas Lødrup møter Pavol Garaj frå Slovakia i fyrste kamp. Dette er ein svært dyktig utøvar Andreas har gått jamnt med tidlegare, men kor resultatet og sigeren har tippa i Andreas sitt favør. I denne kampen må Andreas jobbe ekstra med å finne rett avstand før angrepa sine og slovaken klarer å få eit poengforsprang i løpet av dei to fyrste rundane. I siste runde jobbar Andreas svært bra og hentar inn poeng på poeng av forspranget. Dessverre er kampen nokre sekund for kort og Andreas taper med ein enkelt treff i favør av motstandaren hos ein dommar. Det blir difor tap 2-1 for Andres med minst mogleg margin, men mot ein motstandar som me reknar med vil nå langt i turneringa.


For landslaget,
Gjermund Nesland