Tonje Sørlie tok Gull
Tonje Sørlie ble Verdensmester (rapport fra kampen)<br>
Publisert: søndag 27. november 2011

Foto. Carl Celius. kampsportforalle.no
Tonje Sørlie tok Norges andre Gullmedalje under årets VM i Ireland.
Begge Gull ble tatt i grenen Fullkontakt.
Det Norske laget besto av 12 utøvere og resultatet ble 2 Gull, 1 Sølv og 3 Bronse.
Tonje Sørlie er verdsmeister!
Tonje Sørlie var på laurdag klar for finalen i –56 kg fullkontakt mot Nadiya Khayeno frå Ukraina. Khayeno slo ut utøvaren frå Russland i semifinalen, noko som alltid er ein sterk prestasjon med tanke på kvaliteten på Russlands utøvarar. Tonjes finale blei saman med berre ni andre finaler plukka ut til å gå på finalegallaen på laurdag kveld. Gallen blei halde inne i ein av hotellets store konferansesaler med ein ramme og atmosfære som absolutt var eit VM verdig.
Finalen starter bra for Tonje og ho tek raskt styring på kampen. Tonje held høgt tempo og treff med både fleire slag- og beinteknikkar enn ukraninaren. I andre runde startar Tonje der ho slapp i fyrste runden og held fram med å styre kampen og ikkje slippe den farlege ukraineren for nær. Etter andre runde har Tonje difor ei klar leiing hos alle dommarane. Midtvegs i siste runde klarer ukraineren å kome inn på Tonje og treff ho med harde slag. Dette gjer at Tonje kjem litt bakpå og Khayeno henter inn ein del av forspranget. Khayeno er uvanleg hardtslåande og Tonje må difor vokte seg veldig mot slutten for å unngå å gå på nye harde treffere. Heilt mot slutten tek likevel Tonje initiativet attende og auker forspranget på nytt. Kampen ender med dommarsifrane 3-0 til Tonje og to dommarar med klar poengovervekt til fordel Tonje. Ein veldig spennande kamp som ender med gull og VM-tittel til Tonje og Noreg!
Tonje er frå tidlegare verdsmeister i både lettkontakt (2003 og 2005) og semikontakt (2005) og blir med dette historisk som den fyrste i verda som er verdsmeister i tre ulike stilartar innanfor kickboxing. Det er unikt, og ein imponerande prestasjon! Tonje er også ein utøvar som er populær og nyt stor respekt hos andre nasjonar og som me er stole av å ha på det norske landslaget. Gratulerer Tonje!
For landslaget,
Gjermund Nesland
Landslagssjef