Meny - Kickboxing.no

Bjørgs Transport
Fighter
NKBF presterer med Polar

Rapport frå Flanders International Kickboxing Cup

Helga 24-25 september var landslaget i pointfighting i Belgia på Flanders International Kickboxing Cup. Utøvarane som deltok var Monica Engeset, Tirill Nanett Bjørnestad Næss, Johan Hjelmervik og Milad Henriksen.

Kenneth Bruun / Publisert: 5. oktober 2016

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Flanders Cup har i mange år vore ei prestisjeturnering i form av at mange av nasjonane og utøvarane som skal til EM/VM på slutten av året nyttar turneringa som ein viktig del av oppkøyringa. Nivået og kvaliteten på utøvarane i Flanders Cup er difor veldig høgt. I år var det noko færre utøvarar enn normalt, men likevel svært høgt nivå på utøvarane som var til stades.

Tirill N. B. Næss hadde ei flott helg for ho på laurdagen kjempa seg fram til bronsemedalje i Grand Champion (open klasse). Dette er ein kjempeflott prestasjon for Tirill som er fyrsteårs senior. I vektklassa -55 kg gjorde Tirill også ein svært sterk prestasjon kor ho etter gode kampar nådde finalen i vektklassa. I finalen møtte ho verdsmeister og heimefavoritt Evelyn Neyens frå Belgia. Det blei finaletap for Tirill, men likevel ein sterk sylvmedalje i ein av dei tøffaste vektklassene for kvinner. 

Monica Engeset, Johan Hjelmervik og Milad Henriksen gjorde alle gode kampar i sine vektklasser men lukkast ikkje å nå medaljeplass. Johan møtte blant anna den russiske verdsmeisteren Viacheslav Scherbakov og den tyske sylvvinnaren frå EM Timmy Sarantoudis. Tross tap i desse kampane var dette tette oppgjer kor Johan gjorde sterke prestasjonar.

Tom-Eirik Steinsland frå Pointfighter kickboxingklubb deltok også på turneringa. Han deltok i både seniorklassa og i veteranklassa. Tom-Eirik vann nokre kampar men klarte dessverre ikkje å ta medalje. 

I tillegg til landslaget og Steinsland var også Verdal kickboxingklubb til stades og deltok med fire utøvarar. Ingen av utøvarane tok medalje men dette blei ei god erfaring for klubben og utøvarane.

Gjermund Nesland, Landslagssjef


comments powered by Disqus