Meny - Kickboxing.no

På pallen i Yokoso Dutch Open

  • På pallen i Yokoso Dutch Open
    GRAND CHAMPION: Monica Engeset tok sølv i Grand Champion (åpen klasse) i Yokoso Dutch Open. (Foto: privat)

Delar av landslaget i pointfighting saman med utøvarar frå Pointfighter kickboxingklubb deltok i Yokoso Dutch Open i helga og henta heim fleire medaljar.

/ Publisert: 14. mai 2014

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Monica Engeset, Tirill Nanett Bjørnestad Næss og Johan Hjelmervik frå landslaget, samt Tom Eirik Steinsland og Eirik Rafn Hansen frå Pointfighter kickboxingklubb var i Nederland sist helg for å delta i den internasjonale turneringa Yokoso Dutch Open. Landslagssjef Gjermund Nesland var med som coach for utøvarane. Turneringa er den største i Nederland med rundt 650 utøvarar. Heile turneringa gjennomførast på ein dag, og med 10 mattefelt i hallen er det ei turnering med mykje parallell aktivitet.

Dei norske utøvarane henta heim totalt fem medaljar. Monica Engeset tok sylv i -55 kg pointfighting. Etter flotte sigerar i kvartfinale og semifinale blei det til slutt tap i finalen mot Shannon Ryan frå Storbritannia.

Tirill Nanett Bjørnestad Næss tok sylv i junior -60 kg pointfighting. Tirill vann over to nederlandske utøvarar i kvartfinale og semifinale før ho møtte britiske Aston Cook i finalen. Dette blei ein finale kor Tirill dessverre fekk lite utteljing for teknikkane sine og måtte difor til slutt sjå seg slått av briten. Men likevel ein flott prestasjon av Tirill.

Erik Rafn Hansen frå Pointfighter kickboxingklubb deltok i sin fyrste internasjonale kickboxingturnering. Eirik er ein erfaren junior innanfor ITF taekwondo kor han også er Europameister i lag. Det var difor veldig spennande å sjå Eirik i aksjon på kickboxingmatta. Eirik deltok både i lettkontakt og pointfighting og henta like så godt heim medalje i båe stilartar. Både i junior -63 kg lettkontakt og i junior -69 kg pointfighting kjempa han seg fram til semifinale og bronsemedalje. Veldig flott prestasjon av Eirik i hans andre kickboxingturnering!

Johan Hjelmervik og Tom Erik Steinsland var uheldige i sine vektklasser og hadde ikkje marginane på sin side. Båe to enda difor utan medalje i denne turneringa. Johan Hjelmervik gjekk likevel ein svært god kamp mot britiske Sean McCarthy som er svært rutinert utøvar og ein av stjernene i turneringa.

I open klasse (alle utøvarar uavhengig av vektklasse) på slutten av dagen stilte alle dei beste utøvarane opp i konkurransen. I kvinneklassa gjekk Monica Engeset her ein sterk turnering og kjempa seg heilt fram til finale. I finalen møtte Monica den russiske meisteren Maria Semenova som er eit hovud høgare enn Monica og om lag 15 kg tyngre. Semenova har tatt medalje i to siste VM og i sist EM i vektklassa -70 kg og er velkjend for beinteknikkane sine. Dette var difor ein svært vanskeleg utfordring for Monica som vanlegvis konkurrerer i -50 kg. Monica hadde likevel ingen respekt for den russiske meisteren og halvvegs i fyrste runden er stillinga nesten lik. I siste halvdel av fyrste runde får Semenova derimot eit klart overtak og stillinga er ved pause heile 9-3 til russeren. Mange utøvarar ville då delvis resignert men Monica går fryktlaus inn i duellane med russaren i andre runde. Denne innstillinga, saman med ein taktisk justering av avstanden, gjer at Monica hentar inn poeng etter poeng, og midtvegs i andre og siste runde er stillinga plutseleg berre 10-8 til russaren! I slutten av kampen er Monica nøydd til å gamble og ta sjansar, noko russaren klarar å utnytte. Sluttresultatet blir difor 14-10 til Semenova, men likevel ein tøff kamp og imponerande kamp av Monica.

Med fem medaljar og gode prestasjonar var det eit godt resultat for den norske gjengen, som no går inn i siste oppkøyringsfase mot World Cup i Italia i starten av juni. Der satsar me på ytterlegare med medaljar til norske utøvarar.


comments powered by Disqus