Meny - Kickboxing.no

Open landslagssamling i pointfighting

  • Open landslagssamling i pointfighting
    open-pointfighting-samling

Landslaget i pointfighting inviterer til open landslagssamling i Oslo 28-30 mars. Dette er ei anledning for nybyrjarar og konkurranseutøvarar innan pointfighting til å lære av landslaget og utvikle si forståing og sine teknikkar innan pointfighting.

/ Publisert: 17. mars 2014

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Samlinga er open for alle som trener eller konkurrere innan pointfighting frå 16 år og oppover (vidaregåande skule).

For optimalisering av treningsutbyttet vil treningane bli delt i to, kor landslagsutøvarane og enkelte internasjonale konkurranseutøvarar utanfor landslag vil ha treningsøkt saman, og deretter vil nybyrjarar og nasjonale konkurranseutøvarar ha eigen treningsøkt etterpå. Båe treningsøktene vil bli leia av landslagstrenar Gianpaolo Calao og landslagssjef Gjermund Nesland, som vil sikre at alle får eit godt resultat frå treningssamlinga.

Treningsøkter for open landslagssamling:

  • Fredag 28. mars, kl. 19:30-21:00 – Bjølsenhallen, Moldegata 7 (lokala til Fighter kickboxingklubb)
  • Laurdag 29. mars, kl. 10:30-12:00 – Norges Idrettshøgskole, Sognsveien 220 – sal 2 
  • Laurdag 29. mars, kl. 16:30-18:00 – Norges Idrettshøgskole, Sognsveien 220 – sal 2 
  • Sundag 30. mars, kl. 11:00-13:00– Norges Idrettshøgskole, Sognsveien 220 – sal 3 

Treningssamlinga er gratis for alle, men utøvarar og trenarar må sjølv ordne overnatting, transport og måltider.

Påmelding - samling
Påmelding til samling skjer på e-post til Gjermund Nesland på team.norway@kickboxing.no (gjerne klubbvis).

Landslagsleiinga har også ei forventning og sterkt ynskje om at klubbtrenarane til utøvarar på samlinga også sjølv blir med for å utvikle sin kompetanse og forståing for idretten. Pointfighting er ein stilart i kontinuerleg utvikling og endring, og kompetanse som var relevant for 2-3 år sidan kan vere utdatert i dag. For at norske klubbtrenarar også skal fylgje med i utviklinga og kunne støtte sine ambisiøse utøvarar oppmodar me difor trenarane å ta med seg kamera eller notisblokk og bli med på samlinga saman med utøvarane sine. 

Trenarworkshop 
Som eit ekstra tilbod til klubbtrenarane vil me på laurdag 29. mars kl 13:30-15:00 gjennomføre ein workshop/erfaringsutveksling for alle trenarane. Dette vil skje på Olympiatoppen (Sognsveien 228). Her vil klubbtrenarar få anledning til å få nærare kjennskap til korleis landslaget arbeider, kva som må til for å utvikle utøvarane effektivt innan pointfighting samt kome med sine spørsmål og erfaringar kring pointfightingtrening.

Påmelding - trenarworkshop
Påmelding til trenarworkshop skjer på e-post til Gjermund Nesland på team.norway@kickboxing.no.


comments powered by Disqus