Meny - Kickboxing.no

Medaljer til Pointfighterne i Belgia

  • Medaljer til Pointfighterne i Belgia
    GULL TIL TIRILL: Tirill Nanett Bjørnestad Næss tok gull i Flandern (Foto: Privat)

Landslagssjef Gjermund Nesland rapporterer her fra årets utgave av Flandern International Kickboxing Cup, en av de viktigste kvalifiseringsturneringene for det norske pointfighter-landslaget.

Kenneth Bruun / Publisert: 28. september 2015

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Sju norske pointfightingutøvarar deltok i helgas Flandern International Kickboxing Cup i Beveren, Belgia. Landslaget stilte med fem utøvarar (Monica Engeset, Tirill N. B. Næss, Johan Hjelmervik, Eirik R. Hansen og Milad Henriksen). I tillegg deltok Tom Eirik Steinsland frå Pointfighter kickboxingklubb og Rebecca Erchinger frå Bergen kickboxingklubb.

Flandern International Kickboxing Cup er ein prestisjefull turnering kor at alle dei beste nasjonane alltid er representert og nyttar dette som ein viktig del i meisterskapsoppkøyringa si. For norske utøvarar innan pointfighting så er turneringa også ein av sesongens kvalifiseringsturneringar til årets VM.

Gull til Tirill

Tirill Nanett Bjørnestad Næss deltok i både seniorklasser og juniorklasser i turneringa. I seniorklassene blei det litt for tøft denne gongen, men i juniorklassene innfridde ho. I – 60 kg junior deltok det utøvarar frå 13 utøvarar frå åtte ulike nasjonar. Her vann ho åttendelsfinalen, kvartfinalen og semifinalen før ho møtte Evita-Lara Brkić frå Kroatia i finalen.

Finalen blei ein tett og jamn finale men kor Tirill hadde ei lita leiing gjennom heile kampen. Kroaten jaga Tirill med beinteknikkar mot slutten med Tirill haldt stand og vann til slutt 4-3 i poeng. Ein god finale av Tirill som også viste fin teknisk og taktisk progresjon gjennom dei ulike kampane. Eit fortent gull til Tirill.

Sylv til Monica

Monica Engeset deltok i både -50 kg og -55 kg. Monica brakk nesa på landslagssamling for fire veker sidan og fekk difor dispensasjon til å konkurrere med plastvisir. Dette visiret avgrensar også oksygeninntaket noko og gjer det noko tyngre å gå kamp.

På tross av denne ulempa gjorde Monica ei god turnering og kjempa seg til finale i -50 kg. Her møtte ho Anna Sophie Kreis frå Tyskland. Dette er ein utøvar Monica vanlegvis vinn over, men ein taktisk god kamp av Kreis samt ein litt meir varsam Monica grunna nesebrotet & visiret gjorde at tyske Kreis fekk kampen inn i sin retning. Tyskeren leiia 7-4 til pause og halt på leiinga i fyrste halvdel av andre omgang som gjorde at Monica måtte ta større sjansar mot slutten av kampen. Tyskaren var difor oppe i ein sekspoengs leiing men Monica henta inn to poeng mot slutten slik at sluttresultatet blei 16-12 i tyskarens favør. Likevel ein flott prestasjon av Monica med sylv i denne vektklassa.

Sylv til Tom Eirik

Tom Eirik Steinsland deltok i veteranklassa for +75 kg. Tom Eirik er nettopp attende i konkurransemodus etter ein skadeperiode. På tross av dette gjorde han eit godt resultat kor han vann to kampar på veg til finalen.

I finalen møtte han ein sterk tysk utøvar med svært gode beinteknikkar. Tyskaren kom best i gong i kampen og Tom Eirik måtte difor jakte på tyskarens poengleiing utover i kampen. Tyskaren gjorde ein god kamp og haldt Tom Eirik unna gjennom resten av kampen. Det enda difor med sylv, men ein fint resultat for Tom Eirik som viser gode takter.

Andre utøvarar

Johan Hjelmervik, Eirik Rafn Hansen, Milad Henriksen eller Rebecca Erchinger klara ikkje å kjempe seg til medalje men alle gjorde gode kampar og fine prestasjonar i løpet av turneringa.

Det er likevel verdt å nemne at i -74 kg gjekk Johan Hjelmervik heilt jamnt med sylvvinnar frå VM 2013 og EM 2014 Timmy Sarantoudis frå Tyskland. Tyskaren fekk best start på kampen og leiia 3-0 etter kort tid. Johan klarte derimot å hente inn tyskaren og til pause stod det 5-5. Andre runde blei heilt jamn, og med 30 sekund att var stillinga 8-8. Med 10 sekund att blei stillinga 9-9 i poeng. 5 sekund før slutt får Sarantoudis inn eit siste poeng i eit angrep. Johan rekk ikkje å svare i dei få sekunda som er att og tyskaren vinn difor thrilleren med eit enkelt poeng. Ein sterk prestasjon av Johan mot ein utøvar av topp internasjonal klasse. Oppsummert var det ei bra turnering med mange gode erfaringar for vårt unge landslag innan pointfighting.


comments powered by Disqus