Meny - Kickboxing.no

NKBF presterer med Polar

Fam tok Gull

  • Fam tok Gull
    / Foto: Carl Celius (kampsportforalle.no) (foto@kampsportforalle.no)

Fam C. Elgan er Verdensmester

/ Publisert: 26. november 2011

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.


"Times New Roman";color:black">Foto. Carl Celius. kampsportforalle.no

Fam Elgan er VERDSMEISTER!

Fam Elgan frå Bergen er verdsmeister etter sin finale i fullkontakt -60 kg.
Fam møter her Kinga Siwa frå Polen som slo ut den russiske favoritten i semifinalen. Siwa er ein tøff motstandar  og ein del høgare enn Fam og med lengre rekkjevidde. Fam lar uansett ikkje det affisere ho og arbeider med høgt tempo og nydelige kombinasjonar.

Kvar gong polakken prøver å angripe framover svarer Fam med sidevegs forflytting og kontring eller med rask slagserie tett i kroppen.
Når Siwa prøver å utnytte rekkjevidda si svarer Fam med kontante sidekick til kroppen som gjer at polakken ikkje når inn med slagteknikkane sine. Etter andre runde har Fam ei leiing på 3-5 poeng hos alle dommarane.

I siste runde slipp polakken litt meir til sjølv om Fam likevel har kontroll på kampen. Når klokka slår har to dommarar ein klar siger til Fam medan tredje dommar har ein knapp overvekt til polakken. Det blir difor siger 2-1 til Fam, men kampen sett under eitt er det Fam som styrte kampen og som tok ein solid siger.

Gratulerer til Fam med VM-gull og tittel som Verdsmeister!