Meny - Kickboxing.no

NKBF presterer med Polar

VM Dag 3

Kampdag 3 – semifinalar fullkontakt   

/ Publisert: 25. november 2011

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Kampdag 3 – semifinalar fullkontakt   

Tonje Sørlie er i dag klar for semifinale i -56 kg fullkontakt, og møter Andie Du frå Sør-Afrika. Du har nok hatt ein enklare veg til semifinalen enn Tonje, og det blir tidleg klart at det er ein nivåskilnad på utøvarane. Midtvegs i fyrste runde treff Tonje med ein nydeleg side-kick midt i andletet på sør-afrikanaren. Det ender med naseblod og øydelagt sjølvtillit for motstandaren som får teljing og som lar seg bli telt ut for å unngå større skadar seinare i kampen. Det blir dermed ein kort kamp og siger til Tonje. Tonje er dermed klar for finale på laurdag!

Fam Elgan har semifinale i -60 kg fullkontakt mot Christa Alberts frå Sør-Afrika. Fam opnar kampen med høgt tempo og gode forflyttinger. Sør-afrikanaren prøvar å leggje press på Fam men blir møtt med kontante teknikkar kvar gong. Fam får etter kvart full kontroll på kampen og det ender med klar poengsiger 3-0 til Fam som på linje med Tonje er klar for finale på laurdag!

Cathrine H. Fonnes møter Nicole Trimmel frå Austerrike i sin semifinale i -65 kg fullkontakt. Trimmel er ein merittert utøvar med både VM-sylv i fullkontakt og VM-gull i lettkontakt frå tidlegare. Dette blir ein heilt jamn kamp mellom to veldig dyktige utøvarar som kjemper bra og tett gjennom heile kampen. Poengmessig vipper det frå den eine til den andre gjennom heile kampen, men det er austerrikeren som klarer å vippe det i sitt favør i dei siste sekunda. Det endar difor med 3-0 til Trimmel i ein heilt tett kamp som kunne gått båe vegar. Ein sterk konkurranse og prestasjon av Cathrine som har etablert seg i toppen i -65 kg klassa og som me gratulerer med VM-bronse!