Meny - Kickboxing.no

NKBF presterer med Polar

VM Dag 2

Kampdag 2 ettermiddag – VM kickboxing Irland

/ Publisert: 25. november 2011

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Kampdag 2 ettermiddag – VM kickboxing Irland

Hallgeir Lien er debutant i VM og møter i sin andre kamp Eduard Spakov frå Litauen som er regjerande europameister i -71 kg fullkontakt og ein svært tøff motstandar. Hallgeir startar kampen svært bra og opparbeider seg ein god poengleiing. Men utover i kampen så slutter Hallgeir å bruke beina sine like aktivt som i starten. Spakov får då anledning til å redusere avstanden, og treff til slutt med eit slag som gjer at Hallgeir må i bakken. Halgeir er på beina att og klar til å halde fram før han blir telt ut, men dommaren vel likevel å avslutte kampen med omsyn til utøvarens tryggleik. Det blir difor tap for Hallgeir men han har vist at han kan gå bra mot dei beste – noko som lover veldig bra for tida framover.
 
Karl Martin Richardsen møter ein sterk og uortodoks italiener i sin kvartfinale i -81 kg fullkontakt. Dette blir ein slitekamp kor Karl Martin stadig må jobbe for å kome på rett avstand. Italieneren får eit poengmessig forsprang i fyrste runde, og klarer å halde det gjennom heile kampen med kombinasjon av god forflytting og ein del klenging og rot når han etter kvart blir sliten. Karl Martin får difor ikkje bruka styrken sin slik han er best på og det er blir difor ein frustrerande kamp som ender med italiensk siger 3-0. Karl Martin har likevel gjort eit veldig bra VM og er absolutt på linje med dei beste.

Ina Grindheim møter Adrienn Kadas frå Ungarn i semifinalen i -65 kg point fighting. Ina slo Kadas i siste World Cup i Italia i juni. Denne gongen klarer derimot ungararen å hente ei lita leiing  i starten av kampen og er dyktig på å jobbe defensivt etter det. Ina blir difor liggjande litt bak poengmessig gjennom heile kampen, og må i siste halvdel av tredje runde gamble for å prøve å hente inn skilnaden. Det klarer ungaren å utnytte og scorar då nokre ekstra poeng som gjer at sigeren er sikra. Ein god innsats av Ina som dessverre ikkje fekk kampen inn på sitt spor. Det ender difor med semifinaletap, men likevel bronse til Ina. Me gratulerer dermed Ina med ny VM-medalje!

Eirin Dale har semifinale i -55 kg point fighting mot greske Vasiliki Mitropoulou. Kampen er jamn i to rundar men i siste runde viser Eirin ekstra klasse og dreg ifrå grekaren på poeng. Det blir difor siger til Eirin som på sine unge 23 år er klar for sin tredje VM-finale på rad!

Morten Spissøy møter Laszlo Gömbös frå Ungarn i sin semifinale i -74 kg point fighting. Gömbös er ein av dei aller beste utøvarane i verda, uansett vektklasse, og er lynrask i både angrep og forsvar. Dette blir ein kamp som er jamn i fyrste halvdel, men kor ungararen etter kvart får eit lite poengmessig overtak. Det gjer at ungaren kan leggje seg defensivt og kontre Mortens angrep. Når tida byrjar å renne ut er Morten nøydd til å gamble og går på tre ekstra treffarar frå Gömbös som til slutt vinn 22-17. Dette blir difor tap for Morten, men det er svært få utøvarar i verda som går jamnt med Gömbös og der er ein prestasjon han skal vere stolt over. Prestasjonen gjev han ein fortent bronsemedalje i hans siste VM – sidan han gjev seg som aktiv utøvar etter denne sesongen. Gratulerer til Morten med eit sterk medalje og ein eineståande karriere med 17 år i verdstoppen i kickboxing. Det er unikt!

Cathrine H. Fonnes har i dag kvartfinale mot Jessica Schütte frå Tyskland i -65kg fullkontakt. Cathrine gjer ein strålande kamp kor ho klarer å utnytte rekkjevidda si på ein god måte og treff med fleire rette støt. Det ender med klar 3-0 siger til Cathrine som er klar for semifinale!

Fam Elgan møter Ashley Brace frå Storbritannia i sin kvartfinale i -60 kg fullkontakt. Brace er ein allsidig utøvar som også har gått fleire boksekamper. I denne kampen har ho derimot ikkje ein sjanse mot Fam som dansar rundt ho og stopper briten med kontante spark og kombinasjonar kvar gong ho kjem innanfor Fams rekkjevidde. Ein svært god kamp av Fam som ender med overlegen 3-0 siger. Fam er difor klar for semifinale i sitt fyrste VM!

Tonje går sin andre kamp denne dagen og møter Petra Bättig frå Sveits i kvartfinalen i -56 kg fullkontakt. Dette er ein bra kamp av Tonje kor løyser oppgåva på ein god måte og får etter kvart bra kontroll på motstandaren. Det ender med 3-0 siger til Tonje som då også er klar for semifinale neste dag.