Meny - Kickboxing.no

NKBF presterer med Polar

VM - Dag 2

Resultat kampdag 2 formiddag – VM kickboxing 2011 Dublin

/ Publisert: 24. november 2011

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Resultat kampdag 2 formiddag – VM kickboxing 2011 Dublin


Eirin Dale møter Rebecca Pfaffl frå Tyskland i kvartfinalen i -55 kg point fighting (semikontakt). Tyskeren har ein veldig defensiv stil og venter på angrep på Eirin for å kunne svare med  kontringar. Dette er Erin bevisst på og det blir ein veldig jamn i dei to fyrste rundane med lite poeng, sidan Eirin er restriktiv med å ikkje angripe når ho ikkje er i balanse og har rett timing. I tredje runde har derimot Eirin funne ut av timingen og køyrer eksplosive angrep som Pfaffl ikkje har sjanse til å reagere på tidsnok. Eirin vinn difor til slutt komfortablelt med seks poeng mot tyskeren.

Ida Abrahamsen får ein tøff utfording i dag og møter velmerriterte Chelsey Nash frå Canada i sin kvartfinale i -60 kg. Nash har vunne alt som er å vinne i USA og Canada og er ein ekstremt kjapp utøvar som er svært dyktig på å flytte seg raskt og angripe frå ulike vinklar. Det blir ein heilt jamn kamp i nærmare to rundar. Men i slutten av andre runde klarar Nash på kort tid å få ein tre-poengs leiing ved å vere defensiv og køyre kontringar. Det gjer at Ida må gamble litt meir med angrepa sine i tredje runde. Ida hentar inn nokre poeng med lynraske angrep men blir straffa med ein gong timing eller avstand i angrepet er litt feil. Nash klarer difor å dra kampen i sitt favør mot slutten og vinn til slutt 14-9 i ein kamp som var jamn fram til siste halve minuttet. Eit leit tap for Ida som absolutt er i form og god nok for ein finale hadde marginane vore litt annleis.

Ina Grindheim har kvartfinale i dag og møter Daria Merkulova frå Russland i -65 kg point fighting. Russarane har i alle år vore leiande i fullkontakt men har siste 2-3 år også blitt svært sterke i point fighting. Merkulova er ein defensiv utøvar som ligg og venter på angrep frå motstandaren. Ina går difor ein taktisk kamp kor ho berre angrip når ho er 100 % sikker på poeng. Dei to fyrste rundane er difor veldig jamne og det står 3-1 i poeng til Ina etter runde to. I tredje runde blir difor russaren tvungen til å angripe meir og Ina kan variere meir mellom angrep og forsvar. Ina er veldig skarp og aukar også variasjonen i teknikkane sine. Ho hentar difor poeng både offensivt og defensivt og gjer ein feilfri runde som gjev sluttresultat 8-1 og klar siger til Ina.

Tonje er fyrste nordmann ut i fullkontakt i dag i ein 8-delsfinale. Ho møter spanjolen Lourdes Nunez i -56 kg. Tonje opnar offensivt og presser spanjolen frå fyrste sekund. Diverre trår Nunez feil på foten og får ein skade i kneet som gjer det vanskeleg å halde fram. Det hjelper heller ikkje på psyken at Tonje planter ein kontant sidekick rett i andletet til spanjolen.  Nunez prøver å halde fram men foten svikter ved belastning og kampen blir stoppa då spanjolen allereie i fyrste runden må gje seg på grunn av skaden. Dette vart difor ein kort kamp for Tonje, men ho har i det minste fått opp pulsen i forkant og er klar for ny kamp seinare i dag.

Morten Spissøy møter Jason Brown frå Canada i -74 kg i sin kvartfinale Dette er canadiaren som Morten tapa kvartfinalen mot i VM i Portugal for fire år sidan. Dette blir ein veldig intensiv kamp mellom to eksplosive utøvarar. Morten er likevel hakket kvassare og har eit konstant press på Brown. Det gjer at Morten får styre avstanden mellom utøvarane i kampen og drar i land ein sterk 22-17 siger mot canadiaren. Ein veldig god kamp av Morten.

For landslaget,
Gjermund Nesland