Meny - Kickboxing.no

NKBF presterer med Polar

Noreg er klare for VM 2011

Då er Noregs beste utøvarar i point fighting og fullkontakt samla i Irland...

/ Publisert: 22. november 2011

Hold deg oppdatert

Få siste nytt fightere, stevner, nyheter og live-sendinger i din innboks.

Noreg er klare for VM 2011

Då er Noregs beste utøvarar i point fighting og fullkontakt samla i Irland klare for VM i kickboxing. I tillegg til point fighting og fullkontakt er Musical Forms den tredje stilarten som det konkurrerast om i dette VM. I Musical Forms stiller ikkje Noreg med utøvarar i år. VM og EM arrangerast annan kvart år og frå VM i Italia i 2009 har Noreg Eirin Dale, Thea Therese Vingmark Næss og Andreas Lødrup som regjerande verdsmeistere. Eirin og Andreas er med for å forsvare sine titlar, medan Fam Elgan stiller i Thea sin klasse i år.

Laget virkar veldig sterkt i forkant og førebuingane fram mot VM har vore gode for alle utøvarane. Point fightingutøvarane avslutta med treningssamling i Palermo i Italia, medan fullkontaktutøvarane avslutta med treningssamling på Olympiatoppen i Oslo.

Noregs landslagsdelegasjon for VM 2011 er fylgjande:

Leiar og trenarar:
•    Gjermund Nesland – landslagssjef
•    Gianpaolo Calajo – landslagstrenar point fighting
•    Kim Waardal – assistenttrenar point fighting
•    Daimi Akin - landslagstrenar fullkontakt
•    Christian Kvatningen – assistenttrenar fullkontakt

Utøvarar point fighting:
•    Erik Brødreskift, Drammen kickboxingklubb, -84 kg
•    Morten Spissøy, Bergen kickboxingklubb, -74 kg
•    Ina Grindheim, Fighter kickboxingklubb, -65 kg
•    Ida Abrahamsen, Fighter kickboxingklubb, -60 kg
•    Eirin Dale, Bergen kickboxingklubb, -55 kg
•    Monica Engeset, Bergen kickboxingklubb, -50 kg

Utøvarar fullkontakt:
•    Karl Martin Richardsen, Nordreisa kickboxingklubb, -81 kg
•    Andreas Lødrup, Fighter kickboxingklubb, -75 kg
•    Hallgeir Lien, Fighter kickboxingklubb, -71 kg
•    Cathrine Heggøy Fonnes, Champions kickboxingklubb, -65 kg
•    Fam Elgan, Champions kickboxingklubb, -60 kg
•    Tonje Sørlie, Champions kickboxingklubb, -56 kg

Det er også fleire personar frå NKBF-klubbar samt familie og vener som har tatt turen til Dublin for å heie på dei norske utøvararne. Det set me veldig pris på. Kampstart er på onsdag. Me er klare for eit godt VM med sterke prestasjonar!

Sportsleg helsing frå Dublin
Gjermund Nesland
Landslagssjef